Trudde dei hadde kjøpt seg hund – tok skrekkeleg feil

Då Mariebel Sotelo frå Peru kjøpte ein liten kvalp frå ein marknad i hovudstaden Lima, trudde ho at familien hadde skaffa seg ein sibirsk husky. Det var det ikkje.

«Hunden» viste seg nemleg å vera ein andesrev, som veldig gjerne ville ta seg ein smak av naboane sine høner, marsin og kyllingar, skriv The Times.

Men det tok faktisk ei lita stund før familien oppdaga at noko var rart med den vesle kvalpen, som fekk namnet Run-Run. Han var i utgangspunktet ein glad hund, som leika og hadde det kjekt med andre hundar i nabolaget. Men når han tok til å bli litt eldre, skjedde det noko med oppførselen hans.

Run-Run var ikkje ein hund

Først fann den peruanske familien ut at kvalpen var umogleg å trena. Faren i huset hadde også lagt merke til at urinen og avføringa til kvalpen hadde ein uvanleg sterk lukt.

Tvilen om at Run-Run ikkje var ein hund starta med andre ord å veksa, men det var først då han gjekk amok i nabolaget deira, at familien tenkte at dette umogleg kunne vera ein hund. I starten av november rømte reven frå familien.

Walter Silva, som jobbar som veterinær, fortalte til Reuters at mange ville dyr blir smugla frå Amazonas til dei store byane i Peru. Der blir dei utsatt for ulovleg sal, skriv Sky News. 

Dette er ulovleg, og kan gi mellom tre og fem år i fengsel i Peru, fortalde Silva.