Møt selen som tissar på seg sjølv

Evolusjonsbiolog Hanna Nyborg Støstad har skrive ei kul bok om evolusjon. Framtida Junior har fått visa fram nokre av dei rare dyra du møter i boka «Eventyrlige dyr». I dag er det selen sin tur.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Har du høyrt uttrykket «å tissa i buksa for å halda seg varm»? Det betyr å gjera noko som ikkje er så smart: Det varme tisset blir fort kaldt, og då blir du endå kaldare enn du var før.

Pelsselane på New Zealand tissar derimot «i buksa» nettopp for å halda seg kalde.

På varme dagar ligg dei på svaberga i den steikande sola, og dei skulle nok gjerne tatt eit avkjølande bad. Men viss dei forlèt plassen, risikerer dei at ein annan sel tar både plassen og kjærasten deira! Derfor har dei funne ein litt rar måte å avkjøla seg.

FORFATTAR: Hanna Nyborg Støstad er evolusjonsbiolog. No har ho skrive boka «Eventyrlige dyr» saman med illustratør Simon Dahle Nyhus.

Dei tissar ein liten dam under seg, og dyppar finnane sine i tisset. Så held dei finnane opp så vinden kan blåsa over dei. Finnane blir herlege og kalde når dei er våte!

(Utdrag frå «Eventyrlige dyr», Cappelen Damm)