Ekstremvarme i Spania – kan bli ny rekord

Spanias meterologiske institutt har varsla om uvanleg høge temperaturar i juni. Deler av landet må no takla temperaturar godt opp på 40-talet.

GIF: giphy.com

– Me står ovanfor uvanleg høge temperaturar i juni, seier Rubén del Campo, ein talsperson for Spanias meteorologiske institutt, Aemet, til The Guardian.

Årets første hetebølgje rir no over sommarferielandet Spania.

I deler av vest og sørlege deler av landet, har gradestokken krope opp mot heile 44 grader. Og det er allereie før sommaren er ordentleg i gong.

Unormalt tidleg

Den noverande hetebølgja er eit resultat av antisyklonen Alex, som tek med seg masse varm luft frå Nord-Afrika over til Spania. Resultatet er ein unormalt tidleg periode med veldig varmt vêr.

Ein antisyklon er det same som eit høgtrykk.

Sist ei hetebølgje kom så tidleg, var i 1981, ifølgje The Guardian.

– Ein klar trend at det blir varmare

Definisjonen på ei hetebølgje er minst tre dagar med temperaturar over gjennomsnittet for perioden juli – august, i tida mellom 1971–2000. Aemet har no konkludert med at  hetebølgjene i Spania kjem stadig hyppigare og byrjar tidlegare.

Dei har også rekna seg fram til at den globale oppvarminga gjer at sommaren no byrjar ein stad mellom 20 og 40 dagar tidlegare enn den gjorde for 50 år sidan. Årets sommar kjem rett etter det varmaste og tørraste året som nokon gong er registrert i Spania.

– For første gang har me sett åtte år på rad med temperaturar over gjennomsnittet. Det er ein klar trend at det blir varmare, seier Del Campo.