Ny hetebølgje i Pakistan

Pakistanske redningskorps blei sett i beredskap då landet vart ramma av nok ei hetebølgje der gradestokken stig mot 50 grader.

Dette er den tredje hetebølgja hittil i sommar i Pakistan og deler av India. Den ekstreme varmen har kosta mange liv, skriv NRK.

Naudetatane har oppretta kriseklinikkar for å ta seg av folk med heteslag, medan ambulansane er sette i beredskap. Folk blir anbefalt å unngå sola og halda seg innandørs.

Ekspertane meiner hetebølgjene har samanheng med den globale oppvarminga. Ifølgje klimaminister Sherry Rehman var mai den varmaste månaden i landet på 60 år.