Møt paddeiguanen som sprutar blod frå auga

Evolusjonsbiolog Hanna Nyborg Støstad har skrive ei kul bok om evolusjon. Framtida Junior har fått visa fram nokre av dei rare dyra du møter i boka «Eventyrlige dyr». I dag er det den snartenkte paddeiguanen sin tur.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

I ørkenen i Texas er det varmt, og sola steiker på den tørre sanda. Små og store steinar ligg strødd omkring, men ein av steinane er ikkje eigentleg ein stein. Det er ein øgle – ein paddeiguan! Paddeiguanen prøver å gøyma seg for dei svoltne revane som luskar i ørkenen. Han har same farge som steinane, og han er liten og rund, akkurat som ein stein. Han har òg masse små piggar over heile kroppen.

FORFATTAR: Hanna Nyborg Støstad er evolusjonsbiolog. No har ho skrive boka «Eventyrlige dyr» saman med illustratør Simon Dahle Nyhus.

Det beste vernet er likevel paddeiguanens spesielle supertriks: Han kan spruta blod frå auga!

Når ein rev kjem litt for nær, knip paddeiguanen igjen blodårene som går ut frå hovudet. Då samlar det seg masse blod inne i hovudet, fordi det kjem meir og meir blod frå hjartet. Rundt auga ligg masse små blodårer, og når trykket blir stort nok – popp! Blodårene eksploderer, og blodet blir skote ut, rett i ansiktet på reven! Før reven har fått sukk for seg, har paddeiguanen gått sin veg. Han er trygg.

(Utdrag frå «Eventyrlige dyr», Cappelen Damm)