Derfor høyrer ikkje tenåringar på mødrene sine

Når du er rundt 13 år gamal, skjer det noko rart i hjernen din.

Har du nokon gong tenkt over at foreldra dine, og spesielt mamma din, masar noko fælt? Og at til meir ho masar, til lettare blir det å «skru av» øyra?

No har forskarar funne ut kvifor tenåringar plutseleg startar å høyra mindre på mødrene sine.

Ei endring som skjer i hjernen i 13-årsalderen, fører nemleg til at ein høyrer mindre på mødrene sine, og meir på framande stemmer, skriv Illustrert vitskap.

Ei god endring

GIF: giphy.com

Endringa skjer ved at belønningssenteret i hjernen plutseleg startar å reagera meir på nye, og ukjende stemmer. Forskarane som står bak den nye studien, meiner at dette er bra. Det viser nemleg at tenåringen går inn i ein ny epoke i livet.

– På eit eller anna tidspunkt blir eit barn uavhengig, og det skal få større av ein biologiske endring. Me har avslørt at det skjer ei endring som hjelper tenåringane med å engasjera seg i verda og laga relasjonar som gjer dei sosiale dyktige utanfor familien sin, seier Vinond Menon.

Han er hovudforfattar bak studien, og jobbar som professor i psykiatri og atferdsvitenskap på Stanford University.

Studerte hjernen til fleire tenåringar

For å finna fram til endringane, studerte forskarane hjernen til tenåringar i alderen 13 – 16,5 år. Ungdommane fekk presentert ei rekkje tulle-ord som vart lest opp av både mødrene deira, og av to ukjende kvinner.

Medan ungdommane høyrde på på lydane, følgde forskarane med på korleis hjernane deira reagerte. Stemmeopptaka sette fart på fleire ulike område i hjernen.

Spesielt kunne forskarane sjå at belønningssenteret i hjernen var meir aktiv når tenåringane høyrde stemmene til dei ukjende kvinnene. Det same skjedde i området som kallast prefrontale cortex, som er den delen av hjernen vår som vurderer sosial informasjon.