Ny studie: Kattar kan namna til vennene sine

Forskarar ved Kyoto-universitetet i Japan, har funne ut at kattar som bur med andre kattevener kan kjenna att både sine egne, og vennene sine namn.

Har du nokon gong lurt på om katten din forstår meir enn du trur han gjer? Og om han kjenner namnet til dei andre kattane i gata? Forskarar i Japan slår fast at ja – det gjer han faktisk, skriv Vice.

For å finna fram til resultatet, har forskarar undersøkt 48 kattungar. Dei budde saman med minst tre andre kattar, eller på såkalla «kattekafear». Desse kafeane er blitt svært populære i Japan. Der kan du komma forbi og drikka ein kopp kaffi eller brus, medan du kosar med fleire søte kattepusar.

Studien vart publisert i tidsskriftet Scientific Reports i førre månad.

GIF: giphy.com

Viste bilde av vennene

For å finna ut kor godt kattane kjende namna til vennene sine, viste forskarane dei ein skjerm med bilde av forskjellige kattevenner. Medan kattane såg på skjermen, spelte forskarane av eit lydopptak der eigaren sa fleire forskjellige namn. Blant desse namna, var det ordentlege namnet til katten på skjermen.

Forskarane har fortalt at dei firbeinte luringane stira forundra inn i skjermen, då det vart lese opp feil namn på den avbilda katten.

Viss namnet var rett, stira dei mindre.

Ignorerer menneske for å vera frekke

Dyrevitenskapsforsker Saho Takagi, har sagt til det japanske nyheitsbyrået The Asahi Shimbun, at han synest funna er forbløffande. Kvifor? Jo, fordi forskinga slår fast at kattar som ignorerer menneske som seier namnet deira, ikkje gjer det fordi dei ikkje forstår oss. Truleg gjer dei det berre for å vera frekke.

– Eg vil at folk skal vita sanninga. Det ser ikkje ut som kattar høyrer på samtalar mellom menneske. Men i røynda er det nettopp det dei gjer, seier Takagi.