Ny forsking: Dette er den beste og den verste lukta som finst

Når du tenkjer på den beste lukta du veit om, kva tenkjer du på då?

GIF: giphy.com

Er det kanskje sjokolade, ein parfyme eller roande lavendel?

Forskarar ved Universitetet i Oxford har no funne ut kva som er den beste og den verste lukta som finst på jorda.

Resultatet av forskinga viser at me i stor grad likar dei same luktene, uansett kvar me befinner oss på jordkloden, skriv BBC.

Kan kulturen ha noko å seia?

For å finna fram til eit svar, fekk forskarane hjelp frå ni forskjellige grupper menneske med ulike livsstilar. Desse menneska budde både i regnskogområde, i fjellet, på kysten og i store byar.

Målet med å samla forskjellige folk var å finna ut om kulturen kunne spela inn på kva lukter testpanelet likar best.

Og akkurat kulturen har forskarane no konkludert med at ikkje har noko særleg å seia for kva me synest luktar godt og ikkje.

GIF: giphy.com

Vanilje og fotsveitte

Testpanelet på totalt 235 menneske skulle visa seg å vera ganske så samstemde – då dei alle rangerte vanilje som den beste lukta.

Lukta av fersken og lavendel vart også trekt fram som gode lukter.

På botn av lista, kom lukta av ei feittsyre som finst naturleg i matvarer som ost og soyamjølk, men også i fotsveitte.

Kva er di favorittlukt? Del den med oss i kommentarfeltet!