Familien til Steve Irwin har redda over 90.000 dyr

Familien til avdøydde Steve Irwin bruker store deler av livet sitt til å ta vare på dyr.

I 2020 markerte Terri Irwin, som er enka til Steve Irwin, og barna deira, dottera Bindi og sonen Robert Irwin, at dei hadde redda 90.000 dyr.

Det skriv mellom anna ABC News. 

Dei tre eig og driv Australia Zoo’s Wildlife Hospital. Pappa og ektemann Steve Irwin døydde i 2006, etter at han vart stukke av ei giftig piggrokke. Steve hadde i fleire år jobba dyr, og han var mellom anna kjend frå tv-serien Krokodillejegeren. Det er med andre ord rett og rimeleg å seia at Irwin-familien er ordentleg glad i dyra me har på jorda.

Hjalp dyra som var utsett for brann

I 2020 hadde Wildlife Hospital mykje å gjera, i forbindelse med dei store brannane som breidde seg i ekstremfart i Australia. Bindi Irwin skreiv følgjande på Instagram då det sto på som verst:

– Wildlife Hospital hentar inn dyr frå heile Australia. Hundrevis av flaggermus (Grey-headed flying fox), ein art som er oppført som sårbar, vart floge til Queensland etter at redningssenteret dei budde i vart utsett for brann og evakuert.

Heldige «Ollie»

Pasient nummer 90.000 på Wildlife Hospital, var eit lite nebbdyr som familien redda frå brannen i Australia. Han fekk namnet «Ollie».

Under bildet av han som Robert Irwin la ut på Instagram, skreiv han følgjande:

– Med det kontinuerlege presset frå tørke til buskbrannar, treng dyrelivet no meir hjelp enn nokon gong før.

 

 
 
 
Se dette innlegget på Instagram
 
 
 

 

Et innlegg delt av Robert Irwin (@robertirwinphotography)