Kjendisdelfinen Winter (16) er død

Delfinen Winter, som er kjend frå filmen «Gutten og delfinen», er død. Menneska som jobba med Winter skriv at dei er «heilt knust».

Clearwater Marine Aquarium, der den kjende delfinen har hatt heimen sin, har gått ut på Twitter og bekrefta at Winter døydde like før ho skulle gjennom ein stor operasjon. Ho hadde nemleg fått ein alvorleg infeksjon i magen sin – og ein operasjon var heilt naudsynt for at ho skulle overleva.

Sjølv om veterinærane stod klare, var det for seint, skriv VG.

Winter vart 16 år gamal. Akvariumet skriv at dei «med tungt hjarta» må informera om nyheita, og at dei som jobbar der er «heilt knust».

Mista halen sin

Då ho berre var to månader gamal, mista Winter halen sin, etter å ha blitt fanga i ei krabbeteine. Ho vart tatt hand om av menneska som jobba i Clearwater Marine Aquarium, og der har ho budd sidan.

Delfinen er mest kjent for rolla si i den kjente filmen «Guten og delfinen», ein film som er basert på Winter sitt liv.

– Me takkar alle for all den kjærleiken me har fått etter at me redda Winter i 2015, og særleg gjennom dei siste dagane, skriv akvariet i kunngjeringa.

Her kan du sjå traieren til «Gutten og delfinen»: