Fleire har forlate Twitter etter at Elon Musk nyleg kjøpte opp selskapet

Elon Musk sjølv meiner at reaksjonane viser at enkelte frykter ytringsfridommen.

Forretningsmannen har tidlegare sagt at pengar ikkje var grunnen til at han kjøpte Twitter.

– Eg har ei sterk kjensle av at det å ha ei offentleg plattform, som er maksimalt påliteleg og breitt inkluderande, er ekstremt viktig for framtida til sivilisasjonen. Eg bryr meg ikkje om økonomi i det heile.

Det sa Musk under ein TED-konferanse i Vancouver i april.

Opnar for Donald Trump-comeback på Twitter

I januar i fjor blei den tidlegare presidenten i USA, Donald Trump, utestengd frå Twitter etter at den amerikanske kongressbygningen blei storma av demonstrantar. No seier Musk at han er ueinig i utestenginga.

– Eg ville ha reversert utestenginga, men eg eig ikkje Twitter enno, så det er ikkje noko som definitivt vil skje, sa Tesla-sjefen i eit direktesendt intervju.

Twitter har sagt at Trump er utestengd for godt, fordi presidenten har brote reglane i selskapet.

GIF: Giphy.com

Kjelde: NRK-artikkel