Ein amerikansk 16-åring på Twitter-toppen

Carter Wilkerson sitt forsøk på å skaffe seg gratis kyllingnuggets endte opp med å bli årets og tidenes mest retvitra melding på Twitter.

16-åringen spurte på Twitter kor mange retvitringar han måtte få, for at fastfoodkjeda Wendy’s skulle spandere gratis kyllingnuggetar i eitt år. Wendy’s svara 18 millionar.

– Eg sendte ut tweeten som ein vits, men så svara dei med eit slikt overdrive tal. Eg tenkte at å svare «Sjå det som gjort» ville vore ganske gøy for venene mine, seier han.

Resultatet vart 3,6 millioner retvitringar, og klar fyrsteplass på årets liste. Wilkersons tweet slo også den tidlegare retweet-rekorden på 3,3 millionar. Wendy’s endte med å premiere Wilkerson med eitt år med gratis kyllingnuggets.

Eks-president Barack Obama har tre tweets inne på topp-ti-lista over dei mest likte meldingane i år, skriv NRK.