Elon Musk fiksar betre internett i Ukraina

– Starlink-tenesta er no aktiv i Ukraina, skriv Elon Musk på Twitter.

Laurdag kveld tok Mykhailo Fedorov, som er visestatsminister i Ukraina, kontakt med Elon Musk på Twitter. Han ba om hjelp til å få internettenesta Starlink til Ukraina.

Tek.no skriv at Starlink er eit nettverk av små satellittar.

Dei kan nesten garantera internettilgang på plassar der det av ulike grunnar er dårleg dekning. Etter at Russland ulovleg gjekk inn i Ukraina og starta krig førre veke, har dei også svekt nettilgangen deira. Det har ført til at dei som er i Ukraina har hatt problem med å kommunisera med resten av verda.

Les også: Russland har gått til åtak mot Ukraina

Fiksar internett til folket i Ukraina

Visestatsminister Fedorov skreiv følgjande til Musk:

– Medan rakettane dine med suksess landar på jorda att, angrip no russiske rakettar den ukrainske sivilbefolkninga. Derfor ber me deg no om hjelp til å få Starlink-stasjonar til Ukraina.

Få timar seinare kom svaret frå Elon Musk, som er mannen bak Tesla og SpaceX.

– Starlink er no aktivert i Ukraina. Det kjem fleire terminalar.

Dette betyr at det praktisk talt er umogleg for Russland å stoppa nett-tilgangen til innbyggjarane i Ukraina.