Dei fleste har sett honningbier og vanlege humlearter. Humler er jo òg eigentleg bier. Men visste du at det finst over 200 ulike biearter i Noreg?Honningbier og ein del av humlene er veldig vanlege. Men det finst òg mange bieartar som er sjeldne, skriv Ung.Forskning.no.
Fleire slike artar er i dag utryddingstruga, ofte fordi menneske forandrar levestadane deira.
GIF: Giphy.com
Den amerikanske forskaren Dylan Simpson og samarbeidspartnarane hans, ville finna ut kva kvar enkelt bieart betyr for naturen.
Følgde med på bier og blomar
Forskarane følgde med på 180 biearter og 130 forskjellige plantar. Dei registrerte bier som besøkte blomar heile 22.000 gangar.
Resultata viste at enkelte blomar berre fekk besøk av nokre få bieartar. Ofte var det slik at sjeldne biearter besøkte blomar som få andre var interesserte i. Sjeldne bieartar er mykje viktigare enn me har trudd, ifølgje forskarane.
For at alle blomane skulle bli pollinert, måtte det nemleg vera veldig mange artar. Når ein bia eller humle syg nektar frå ein blom, festar pollen seg på insekta. Bia flyg vidare til ein annan blom og får med seg pollen, som då hamnar i arret til blomen. Det kallast pollinering og gjer at nye blomar blir til.
Jo fleire plantearter det var i enga, jo fleire ulike bier var nødvendig. Viss dei sjeldne biene forsvinn, kan mange plantar få problem, trur forskarane.