Bier er dei første insekta som skjønar null

Forskarar meiner honningbier kan forstå null. Altså talet 0.

Sjølv oss menneske lærer 0 lenge etter vi lærer tal frå 1 til 10. Det er ikkje mange dyreartar som forstår 0, men vi veit at sjimpansar, nokre apar, ein papegøye og kanskje delfinar er med i nullgjengen, skriv Forskning.no.

No meiner forskarar at biene også får vera med i klubben. Dei har tidlegare vist forskarane at dei kan telle til 4.

Søt påskjøning

Fyrst måtte biene lære kva som er «større enn» og «mindre enn». Dei fekk noko søtt når dei valte rett, og noko surt når dei valte feil. Biene fekk ein matteprøve der dei skulle velge mellom å lande på ei plate med 0 prikkar, eller ei plate med 6 prikkar.

Dei fekk også prøve seg på å velge ei plate med 1 prikk, eller ei plate med 0 prikkar.

Biene valte oftast den med 0. Men forskerane fortel at det vart vanskelegare for biene å velge når det var ein prikk, enn når det var seks.

Dei trur det var fordi det er enklare for biene å sjå skilnaden på 6 prikkar og 0 prikkar, enn det er å sjå skilnaden på 1 og 0 prikkar.