Vi reddar jorda med enkle biehus

Alexander Lillenes Hestad (12) har funne fram drillen, ein boremaskin, ein gamal vedkubbe og gjer seg klar for å redde villbiene.

Miljøagentane gjer som Alexander

Det er fleire enn Alexander som tenkjer på biene. Sunniva og Miljøagentene har eit samarbeid om å redde dei. Du kan faktisk bestille eit gratis biehus dersom du går inn på sunniva.no – om ikkje du vil lage eit sjølv.

LES FAKTALUKK FAKTA

Bier og humler gjer ein viktig jobb for oss menneska. Det er mange som er redde for at biene held på å dø ut. Skjer det vil mykje av maten til oss menneska òg forsvinne.

Biene bestøvar og skapar nytt liv

Når bier forsyner seg med nektar frå blomar og planter, tek dei med seg pollenstøv vidare til neste blome eller plante. På den måten bestøvar dei arra som gir nytt frø. Vinden er også med på å forstøve blomar og planter, men ingen gjer det betre enn biene.

Alexander Lillenes Hestad (12) lagar biehus

Små insekt betyr så mykje

Eg trur ikkje at folk heilt veit kor viktige insekta er, seier Alexander

Men det er fint å hjelpe til, slik at både biene og vi menneska får det betre.

Grunnen til at biene er truga kjem mellom anna av eit meir effektivt jordbruk, plantevernmidlar og klima som er i endring. Når planter og vekstar ikkje er tilgjengeleg for biene treng dei litt ekstra hjelp.

Biehotell

Ein kan enkelt hjelpe biene med å lage eit biehus, eller endå betre: Eit biehotell.

No håper eg biene legg egg i huset, seier Alexander.

Neste gong eg ser ei bie som har kome seg inn skal eg sleppe ho ut, for sjølv om dei kan vere irriterande å ha i hus, er dei viktige, seier han.

Slik lagar du biehus

  • Du kan bruke små vedkubbar, råtne stubbar, døde tre eller resteplankar til biehuset.
  • Bor små hol på 4-7 mm i diameter, og 10 cm djupe.
  • Biehuset bør hengast i opne, grøne landskap, og gjerne nær nokre blomar.
  • Biene trivst best i sollys, så heng biehuset på solveggen, men på ein stad der dei ikkje vert forstyrra av dører som opnar seg eller andre ting som forstyrrar.
  • Huset bør helst hengast maks 2 meter frå bakken. Gjer du dette vil du kanskje få bier buande i huset.
  • Når sesongen er over må du ikkje vaske eller kaste huset. Ta vare på det, og set det gjerne ein kjølig plass, for kanskje er der larvar som ligg og gjer seg klare for neste år.