Lag di eiga blomeeng

Her får du vite korleis du kan samla inn frø frå ville markblomar for å hjelpa dei pollinerande insekta. Frøa kan du nytta til å laga ei fargerik lita blomeeng til våren.

Kva er eit frø?
  • Frø er eit formeiringsorgan hjå frøplantar.
  • Eit frø blir danna frå eit befrukta frøemne og inneheld ein groe eller kime som kan danna ein ny plante gjennom å spira.
  • I tillegg til groen inneheld eit frø frøskal og frøkvite.
  • Utforminga og storleiken på frø kan variera kraftig.
  • Mange frø ligg inne i ei frukt.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er mange som spør om korleis dei kan laga ei blomeeng. Dei lurer på tips til kva jord dei bør bruka, kva område som er best å så i, kva artar dei skal velja, kva tid dei skal samla inn frø og kva tid dei skal så frøa, fortel Ellen Svalheim. Ho er kulturlandskapsforskar.

Ellen jobbar mellom anna med å produsera frøblandingar av ville markblomar. Vi har delt Noreg inn i ni frø-regionar, men frøblandingar for kun to av dei er klare, dei andre kjem innan 2023. Mange vil ha frø og vi klarer ikkje å produsere nok.

– Derfor oppfordrar vi så mange som mogleg til å hjelpa til og samla frø sjølve, seier ho.

Artikkelen held fram under bilete. 

FRØBOKA: Redaktør Ellen J. Svalheim viser fram den nye «Frøboka» saman med medforfattarar Trygve Aamlid (t.v.) og Ove Hetland. Boka er utarbeidd av NIBIO, gjennom et samarbeid mellom ni forskarar og ingeniørar ved ulike avdelingar. Foto: Elise Krey Pedersen

Må vite kva du skal sjå etter

Det er noko anna å vita korleis blåklokker ser ut når dei blomstrar – enn korleis dei ser ut når du kan samla frøa. 

– Den vesle kapselen som frøa ligg i dukkar først opp når blåklokka ikkje lenger er i blomst. Den er vissen og har mista blomen. Kapselen med frøa ligg godt gøymt. Men veit du kva du skal sjå etter, finn du den, seier Ellen Johanne som har ein stor kjærleik for frø. 

– Frø har er ein utruleg variasjon i formar, struktur og fargar. Då eg oppdaga frøa oppdaga eg ei heilt ny verd. Ei verd vi ikkje tenkjer så mykje over. Det er jo så smått, og me ser først og fremst på dei vakre blomane.

Spreier seg på spennande måtar

Ellen Johanne synest det er spesielt spennande å sjå korleis frø spreier seg rundt. 

– Me har alt frå løvetannen som svevar i lufta til tiriltunge som skyt ut frøa sine. Då sit frøa inni ein belg, og så sprekker opp og vrir belgen seg slik at frøa blir slengt ut. Frøa frå humleblomen er også spesielle – dei har ein krok som gjer at frøa festar seg i pelsen på dyra som går forbi. Slik får dei spreidd seg, fortel ho.

Men plantene treng også hjelp av oss menneske. Mange ulike artar er viktig for miljøet.

– Vi treng insekta for å produsera mat. Tenk viss alle laga små matstasjoner for insekta, seier Ellen.

Når du sår frø i blomeenga di kan du sjå at det ganske raskt kjem både bier, humler og sommarfuglar i enga di. Innsekta pollinerer blomstrane. Det tyder at dei overfører pollenkorn mellom blomstrane på ein eller fleire plantar, for at frø kan dannast.

Korleis samle frø?

  • Finn du ein blom du vil henta frø frå, kan du binde eit band rundt han for å hugsa kor han står. Då kan du gå tilbake når han er vissen og finne frøa. 
  • Me samlar alltid frø frå heilt visne blomar. 
  • August, september og oktober er gode frømånadar.

Kva gjør du med frøa?

  • Ta frøa med heim og putt dei i ein konvolutt. Dei likar at det er tørt. 
  • Du kan legge frøa frå ulike blomar saman. Då får du ei frøblanding.
  • Så frøa på seinsomaren eller våren. Du må vatna veldig godt. Frø treng mykje vatn for å spira og veksatil. 
VISSEN: Dette er frø frå ei tiriltunge.

Kor kan du lage ei eng?

  • Vel eit område med jord som har mykje grus og sand blanda inn i jorda. Det finn du for eksempel på toppen av ein vegkant eller i ei skråning. Det kan også vera ein del av hagen som ligg litt høgare enn resten.
  • Det er viktig at det er solrikt. Ikkje i skuggen av høge hus. Markblomane likar mykje sol.
  • Kanskje har skulen eit område som kan passe som eng? Spør læraren din.
  • Område treng ikkje å vera så stort, til dømes 8-10 m2.  Så kan du utvide seinare.
  • Du kan bruke ein spade til å snu torva. Det betyr at den svarte jorda kjem opp.
  • Ta vare på blomane som veks allereie. Mange gamle plenar har mykje prestekrage, blåkoll, kvitkløver, smalkjempe og tiriltunge. Det kan vera fleire artar enn du trur. Når du sluttar å klippe plenen kan du oppdage at det veks fram ein del markblomar. 
  • Ver tålmodig. Mange av markblomane blomstrar ikkje første året dei blir sådd. Første året spirer dei og samlar krefter til året etter. Då kan dei byrja å blomstra.
  • Ulike blomar blomstrar til ulik tid. Det er lurt å så ulike blomar slik at du får blomar i enga di heile sommaren. Då har du alltid mat til insekta. 

 

6 artar du kan byrja med:

 

Raud jonsokblom:

FRØ: Dette er frøkapselen til ein Raud Jonsokblom. Foto: Ove Hetland/NIBIO

Tiriltunge:

TIRILTUNGE. Foto: Roar Linjord/NIBIO

Prestekrage:

PRESTEKRAGE: Foto: Ove Hetland/NIBIO

Blåklokke:

BLÅKLOKKE: Foto: Ove Hetland/NIBIO

Raudkløver:

RAUDKLØVER: Foto: Bjørn Arild Hatteland/NIBIO

Gullris:

GULLRIS: Foto: Ove Hetland/NIBIO