Hadde ein fulg i håret i 84 dagar

Hannah Bourne-Taylor vart fostermor for ein liten fugl, som budde i håret hennar i 84 dagar. No er opplevinga hennar blitt til bok.

Hendinga skjedde i i 2013, då Hannah Bourne-Taylor og mannen hennar, Robin, flytta til Ghana i Afrika. Mannen hennar hadde jobb, og sidan ho sjølv opplevde problem med å skaffa seg arbeidsvisum, følte ho seg veldig aleine. Ho hadde ingen vener eller naboar ho kunne vera saman med i det nye heimlandet, skriv New York Post.

Men det vara ikkje lenge – for plutseleg hadde ho fått seg ein ny ven. Den nye venen var ein liten fink som Hannah fann på bakken etter ein stor storm.

– Han vart forlaten av flokken sin. Augo hans var lukka og han skalv. Han var for ung til å overleva aleine. Han var på storleik med veslefingeren min, seier Hannah Bourne-Taylor, som er ein London-basert fotograf og tekstforfattar, til The Guardian.

Les også: Det finnast seks gonger fleire fuglar enn menneske i verda

Laga reir i håret hennar

Etter å ha leita etter ein plass som kunne ta imot skadde dyr, og ikkje lukkast, tok ho sjølv på seg ansvaret om å hjelpa den vesle fuglen. Dei to skulle raskt opparbeida eit tett band, og allereie dagen etter at ho tok han inn, hadde finken akseptert Hannah som si fostermor.

– Eg mata han med termittar, og kvitra til han. Han kvitra tilbake og klatra inn i handa mi, grov med i nebbet og med hovudet, og sovna i handflata mi. For han, var eg mora hans. Dei 84 neste dagane levde han på meg, seier Hannah.

Ein av dei beste plassane fuglen likte å vera, var inne i håret hennar. Der laga han seg reir i nærleiken av kragebeinet hennar.

– Han rulla seg inn i håret og skulpturerte hårstråa til ein runding, som likna litt på eit reir. Så sette han seg inni det.

Her kan du sjå korleis den vesle fuglen budde:

Har skrive bok

Då det hadde gått nesten tre månader, var endeleg finken sterk nok til å slutta seg til flokken sin i det fri. Tida dei delte saman, lærte fostermor Hannah Bourne-Taylor å leva i noet. Ho har fortalt The Guardian at opplevinga endra ho.

Derfor har ho no skrive ei bok, som handlar om opplevinga dei to hadde saman.

– Då me kom tilbake til England, skreiv eg historia vår til ei bok. Det, saman med lærdomen om at eit kvart bitte lite dyr kan gjera ein forskjell, vil vera arven hans, seier ho.