EU meiner Temu har tillate sal av ulovlege og farlege produkt på nettsida si. Det skal mellom anna ha vore snakk om farlege leikar til babyar og øydelagde ladarar, skriv NRK.
EU seier at Temu ikkje har gjort nok for å oppdaga og stoppa slike varer frå å bli seld.
– Selskapet lét vere å identifisera, analysera og vurdera dei systemiske risikoane ved at ulovlege produkt blir tilbodne på plattforma deira, og dessutan den følgjande skaden for forbrukarar i Den europeiske unionen, seier EU i ei fråsegn, ifølgje NRK.
EU har undersøkt Temu sidan 2024.
Også i Noreg har Temu fått kritikk. Nokon meiner nettbutikken driv med ulovleg reklame. Andre har peika på at frakt av varer frå utlandet kan føra til store utslepp av klimagassar.



















