Fotball-VM: Fotballheltane dei aldri gløymer

Diego Maradona, Zico og Garrincha er blant spelarane som gjorde størst inntrykk på Thomas Aune og Aleksander Schau. Her fortel dei om favorittane sine, eigne fotballminne og kvifor sporten betyr så mykje for så mange.

Har dykk eit favoritt-VM frå tidlegare år – og kvifor akkurat det?

Aleksander: – Mine favorittar er 1982 og 1986. Då var nokre av favorittspelarane mine gjennom alle tider i toppform. Brasilianske Zico (spelaren med flest frisparkmål gjennom tidene, forresten) og den argentinske fotballguden Diego Maradona.

Thomas: – Eg er også glad i begge dei VM-a der, dei var dei første eg fekk med meg. Og så er eg glad i 1998-VM både fordi Noreg slo Brasil, og fordi eg var på tribunen på ein kamp. Eg såg rett nok Noreg-Skottland og det vart uavgjort, men var veldig gøy likevel.

Bokomslag: Cappelen Damm

Kven er den kulaste spelaren i boka, synest dykk – og kva gjer han eller ho så spesiell?

Aleksander: – Zico er jo min største favoritt gjennom alle tider. Men engelske Bobby Charlton er også kul. Han spelte før eg vart fødd, men på alle bileta eg har sett av han som speler, ser han ut som bestefar min!

Thomas: – Eg liker også godt Garrincha, som eg berre har sett klipp av spela, men som var elska av brasilianarar på grunn av alle fintene, mål og feil han gjorde. Han var nemleg ein pussig type. I kampen mot England i 1962-VM kom det ein hund ut på banen og tissa på den engelske spissen Jimmy Greaves, og Garrincha tok like gjerne med seg hunden heim til Brasil etter VM.

Kva slags spelar var dykk sjølve som barn – og kven prøvde dykk å likna på?

Aleksander: – Eg prøvde aldri eigentleg å likna på nokon. Eg spelte i forsvar og hadde berre to oppgåver: Å takla motstandarane og å moka ballen opp til spissane våre.

Thomas: – Eg hadde nummer 10 på ryggen og var som regel midtbanespelar eller angrepsspelar. Var vel ei lita billigutgåve av Glenn Hoddle, Tottenhams store stjerne på den tida.

Kvifor trur dykk at fotball er så stort i heile verda – og kva er det med sporten som treff så mange?

– For det første er fotball eit spel der du eigentleg ikkje treng noko anna utstyr enn noko du kan sparka. Har du ikkje ein ball, kan du rulla saman nokre plastposar, sokkar eller kvistar, og vips! No har du ein ball! Mål kan vera to T-skjorter som ligg på bakken og reglane lagar du sjølv. Det er derfor så lett. For det andre er fotball gøy! Har du hatt ein dårleg dag på skulen, så er det heilt gløymt i dei timane du er på stadion og ser fotballkamp. Fotball er ein fristad og det er for absolutt alle.