Det finnast seks gonger fleire fuglar enn menneske i verda

Australske forskarar har forska på kor mange fuglar som finst i verda.

For å koma fram til eit resultat, kombinerte forskarteamet vitskaplege undersøkingar av enkeltartar mot ein store database som heiter eBird. Det skriv forskning.no.

Dei tok utgangspunkt i om lag 9.700 kjente fuglearter frå heile verda. Forskarane meiner at desse fugleartene representerer 92 prosent av alle eksisterande fugleartar. Etter dette gjorde dei også ei undersøking der dei måtte anta talet på fuglar utanfor kjende område.

Då kom dei fram til at det må vera om lag 50 milliardar fuglar i verda.

1,6 milliardar gråspurvar

Blant dei ti mest vanlege fuglane i verda er gråspurven (1,6 milliardar), den europeiske staren (1,3 milliardar), ringmåka (1,2 milliardar) og låvesvalen (1,1 milliardar).

Fuglane det finnast minst av er kiviane frå New Zealand. Det er berre om lag 3000 slike på jorda.

Kiviane er fuglar utan synlege vingar og som dermed ikkje kan fly.

Kivien kjem frå New Zealand. Foto: Pixabay