VINNARINNLEGG: Kva med framtida? 

Theodor Aasheim Imsland (11) vann skrivekonkurransen til Framtida Junior og Bladet Sunnhordland. Her kan du lese det knallgode vinnarinnlegget om klimaendringar.

Dei fleste kjenner til problemet me har med klima. Global oppvarming er kanskje det verste. Me må stå saman for å gjera verda til ein betre stad.

Tenk på oss ungar for eksempel! Me skal jo arva jorda! Tenk om denne verda vil stå på kanten av stupet når me blir vaksne! Kva skal me gjer då?

Problemet er stort og tenk om me ikkje har råd til å betala for all forureininga frå fortida! Då blir det ikkje noko å arva! Så derfor må me alle stå saman og kutta utsleppa så godt som me kan.

For eksempel så kan du jo sykla dei 600 meterane til jobb eller skule i staden for å forureina med bil ved å køyra ein omveg! Skal du på butikken så kan du kanskje vurdera å berre gå? Ta med deg ein sekk og ei handleliste så kan du til og med sykla til butikken! Då får du jo trim òg! To fluger i ein smekk! Det same gjeld om du skal på trening.

Då sparar du jorda. Sjå for deg om alle begynte å gjera det same så blei det ingen utslepp! Det skal ikkje meir til! Det er mange som meiner at el-bilar er ein bra ting, men tenk på all forureininga som kjem ut av fabrikkane!

Så derfor må me vurdera å gå og sykla meir. Om du treng ein bil, så kjøp ein el-bil. Og hugs at designet ikkje alltid er det viktigaste, men tenk litt på prisen òg! Og kor stor den er. Jo mindre den er, jo mindre utslepp blir det under produksjon. Ikkje kjøp større enn du eigentleg treng.

Og for eksempel på bompengestasjonar kunne det vore gratis for el-bilar og dyrare for bilar som brukar diesel og bensin. Der det allereie er slik må me berre fortsetja med det.

Det me gjer no kan påverka den framtidige kloden og dermed kan plutseleg liv stå på spel. Me må stå saman for å redda jorda!

Her er vinnarane av konkurransen:

  1. Theodor Aasheim Imsland, 11 år
  2. Henriette Nysæter Silden, 12 år
  3. Ingrid Kristina Selsås, 10 år

Desse fekk heiderleg omtale:

  1. Malene Engevik Hatlevik, 12 år
  2. Tuva Kismul Østvold, 11 år