– Me lærer masse i skulehagen

I snart eitt år har elevane ved Vikevåg skule hatt sin eigen skulehage. Der gjer dei alt frå planting til vedlikehald, hausting og matlaging.

Tema: gjer det sjølv
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Det er veldig gøy at me ikkje berre er inne heile dagen. Det er veldig kjekt å få laga og oppleva ny mat, og få praktisk læring.

Det synest Eva (10), Konrad (11), Julie (10) og Aron (10,5) som er 5.-klassingar ved Vikevåg skule i Rogaland. Heilt sidan våren i fjor, har mykje av undervisninga deira gått føre seg ute i den nye skulehagen. Det er dei veldig glade for.

– Me har lært masse i skulehagen, seier Aron.

Skulehagen: Elevane jobbar i skulehagen.

Fire årstider i skulehagen

Elevane har vore i hagen gjennom heile året, og opplevd korleis oppgåvene deira endrar seg etter årstidene. Om våren kan dei så frø som dei allereie har plukka. Om hausten haustar dei inn grønsaker og frø, og om sommaren vatnar dei vekstar og plukkar ugras.

Og så passar dei på komposten heile året. Det har dei både i klasserommet og i hagen, og det er lettare å laga enn ein kanskje skulle tru.

– Då me starta komposten, blanda me jord med meitemakk og frukt. Det kan gå ganske fort før me får ny jord. Dess fleire makkar, dess fortare går det, seier Julie.

Det er fleire fordelar ved å driva med kompostering, meiner elevane.

–  Me får mellom anna friskare jord til å bruka i skulehagen, seier Konrad.

Treng hjelp frå meitemakken: Julie og Eva grev etter meitemark, som dei treng til komposten. Dei har hjelp av 29 meitemakkar i komposten inne på skulen. Ute veit dei ikkje kor mange som hjelper dei.

Ein flott plass for fysisk og variert arbeid

At dei får bruka så mykje tid med fysisk arbeid, kan 5.-klassingane mellom anna takka ein engasjert lærar for. Ekstra artig var det at ho visste om ein perfekt plass for hagen.

– Foreldra mine har ein gard i gangavstand frå skulen, der fekk me lov å starta opp, seier Hildegunn Håvarstein Hausken, som er lærar ved Vikevåg skule.

Ho fortel at skulehagen er ein flott plass for fysisk og variert arbeid for elevane.

Kokkelerer: Her er Konrad i gang med kokkelering i skulehagen. Han synest det kulaste dei har dyrka i hagen, er jordskokk. – Han kan brukast til å laga suppe eller å laga chips, seier han.

– Det er ein plass der elevane kan få eigne erfaringar med korleis dei ulike krinsløpa verkar, studera insekt, sjå korleis mat vert til og smaka på ulike vekstar.

Tips til skulehage:

  • Det er viktig å finna ein passande plass der det kan passa å ha ein skulehage. Området treng ikkje å vera så stort.
  • Hugs å søka om pengar.
  • Spør læraren eller rektoren på skulen din om det er mogleg om dette er noko de kan få også på din skule.