Victor Sotberg sluttar i FlippKlipp

Victor Sotberg skal ikkje lenger vera med i FlippKlipp. Grunnen er at han og sjåarane hans er blitt eldre.

– Eg har slutta i FlippKlipp no, seier Victor Sotberg (30) i den nyaste videoen på YouTube-kanalen sin. 

Det gjer han fordi han føler at no er rett tidspunkt å forlata NRK Super. Sidan dei lagar innhald for barn, opplever han at sjåarane hans har vakse opp, og at dei ikkje lenger følgjer med på programmet.

– Eg kjente at no trur eg at eg er ferdig med å jobba for NRK Super. Kanskje det er fordi eg ikkje føler at eg får utfolda meg heilt som eg vil lenger, fortel han.

Ikkje ferdig med YouTube

Sjølv om han no forlet FlippKlipp, er han ikkje ferdig med å laga innhold til YouTube. Han kan freista med at han kjem til å komma ut med noko nytt «som han ikkje kan snakka om enda».

– YouTube er livet mitt, seier han.

Victor er i vår aktuell som programleiar for NRK-programmet «Alle for 1», saman med Selda Ekiz og Thomas Engset.

Her kan du sjå videoen der Victor forklarar kvifor han sluttar i FlippKlipp: