Mellom klokka 11.55 og 12.10 i dag, 10. juni, vil det bli utløyst naudvarsel. Då vil tyfonane over heile landet gå av. Tyfonar er høge alarmar eller signal som skal høyrast av og varsle flest mogleg menneske.
Samstundes vil det bli sendt ut naudvarsel til alle mobiltelefonar i Noreg. Då vil det dukke opp ei melding på skjermen, i tillegg til at telefonen vil vibrere og ein alarm vil gå av i ti sekund.
Desse naudvarsla er berre ein test. Grunnen til at naudvarslingssystemet blir testa, er at myndigheitene skal sjekke at dei fungerer ved ein eventuell naudssituasjon. I tillegg er det test for at innbyggjarane i Noreg skal bli kjent med korleis det er å få eit naudvarsel.



















