Politibetjentar fekk sparken – dei hadde spelt Pokémon Go på jobb

Jakta for å fanga Pikachu, Snorlax og Bulbasaur førte til ein noko uventa situasjon for to politibetjentar i USA. Dei mista nemleg jobben etter jakta på dei virtuella dyra.

I eit nytt rettsdokument frå California i USA, kjem det fram at to politibetjentar hadde ein noko dårleg dag på jobben i starten av 2017.

Grunnen? Dei hadde oversett ein samtale om eit ran, fordi dei heller ville fanga ein Snorlax og ein Togetic i det populære mobilspelet Pokémon Go.

Det skriv Gamereactor i ei sak.

Tatt opp på video og mikrofon

I USA har politibetjentar kamera og mikrofon i bilane sine, og nettopp dette gløymde nok dei to betjentane den 15. april 2017. For både kameraet og mikrofonen i bilen deira tok nemleg opptak av korleis det heile utspelte seg.

Dette er eit utdrag av opptaket frå bilen:

  • Betjentane fekk anrop om eit ran rett over klokka 18.00. Då seier betjent Lozano at dei berre skal «drita i å sjekka det ut».
  • Klokka 18.09 seier den same politimannen at Snorlax hadde dukka opp på kartet.
  • På veg til å fanga Snorlax, seier betjent Mitchell at han også har sett ein Togetic på kartet.
  • Etter ei stund verkar det som Mitchell fekk fanga Snorlax, sidan han jubla og sa «fekk han». Deretter gjekk turen for å fanga Togetic. Der fanga mikrofonen opp at betjentane mellom anna sa «Ikkje spring vekk, ikkje spring vekk», «fekk han» og «fy flate, mann. Denne tingen kjempar driten ut av meg».
  • Då Pokémonane var fanga, reiste dei to betjentane til ein 7-Eleven, der dei skulle avslutta skiftet sitt. Medan dei køyrde dit, fanga mikrofonen opp at betjent Mitchell sa «Eg skaffa deg ein heilt ny Pokémon i dag, kompis».

Nektar for å ha spelt Pokémon Go

Ein skulle kanskje tru at dette var gode nok bevis for at dei to betjentane ikkje gjorde det dei faktisk skulle på jobben denne dagen.

Men trass i bevisa, nektar dei for at dei spelte Pokémon Go i arbeidstida.

The Verge skriv at dei derimot meiner at dei berre hadde hatt ein vanleg samtale. Det spørst om sjefane deira trur på nettopp det.