Venezuela sette ny verdsrekord

13. november deltok tusenvis av unge musikarar på ein massiv konsert i Venezuela. Konserten var eit forsøk på å bli verdas største spelande orkerster.

Konserten vart sett saman av El Sistema, som er eit landsdekkjande ungdomsorkester i Venezuela. Kvar musikar måtte spela i minst fem minuttar, og dei fekk ikkje lov til å dela instrument, skriv Newsforkids.

Andres David Ascanio som var dirigent for orkesteret, oppfordra alle til å ikkje slutta å spela, uansett kva som skjedde.

– Ikkje stopp, sjølv om ein av strengene på instrumentet ditt ryk, sa han til dei.

GIF: giphy.com

Rekord-orkester

To hundre og femti vaktar var spreidde rundt blant utøvarane, slik at dei kunne sikra at  reglane vart følgde. Til slutt talde Guinness World Records at det totalt var 8.573 stykker i orkesteret. Det var nok til å ta ny verdsrekord!

Den førre rekorden vart sett i Russland, der eit orkester på 8.097 musikarar spelte nasjonalsongen.