– Ver så snill, NRK, kan me få BlimE!-songen på nynorsk!?

Elevane på Tjødnalio skule synest det er veldig gøy å dansa BlimE!-dansen. Men dei synest det er rart songen finst på fleire språk, men ikkje nynorsk.

«Jeg sier hei på deg, har du lyst å bli min venn?»

BlimE!-songen dundrar frå høgtalarane. 200 elevar hoppar og dansar i gymsalen på Tjødnalio skule.

– Det var veldig gøy å dansa, og spesielt kjekt at alle var med, seier Inga Malene Koløy Kartveit (10).

Viktig med BlimE!

BlimE!-aksjonen starta på MGP jr. i 2010, og det er tiande gongen i år at det er laga ein eigen BlimE!-song.

Tjødnalio-elevane synest bodskapen i BlimE!-songen er viktig.

– «Bli med og ver ein venn» er det er viktig at alle lærer, seier Alida Emanuelson Fahlen (10).

– Det er viktig at alle kan leika med alle, seier Angelica Veivåg (10).

SKUFFA: Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom, er skuffa over NRK. Ho meiner nynorsk bør vera ein sjølvsagt del av ei så stor satsing som BlimE er. Foto: Rebekka Hovland

– Litt rart på bokmål

Elevane har fått med seg at BlimE!-songen finst på fleire språk. I år finst den på både teiknspråk, samisk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, tsjekkisk – i tillegg til bokmål.

– Når dei har laga songen på så mange språk, så burde dei òg laga den på nynorsk, seier Angelica.

– Det er litt rart å synga «jeg» og «hjertet mitt» på bokmål, seier Inga Malene.

– Eg håpar dei kan laga ein nynorsk song òg, legg ho til, og dei andre nikkar.

Klar melding og invitasjon

Elevane har ei klar melding til NRK Super:

– Ver så snill, NRK, kan me få BlimE!-songen på nynorsk?! ropar femteklassingane.

– Og Victor, kom til skulen vår! Alle i klassen vår er glade i han!

– Kanskje kan Victor koma til skulen vår og synga på nynorsk saman med oss? seier Timo Emmanuel Risnes.

NRK: – Ein glipp!

Til Framtida.no seier Ida Hartmann i NRK Super dette:

– I NRK Super ønsker me at alle barn i heile landet skal kjenna seg igjen i innhaldet vårt og føla seg inkludert. Me er opptatt av å spegla det språklege mangfaldet og tilbyr innhald på begge målformene.

–  Det er ein glipp frå vår side at desse ikkje finst i ein nynorsk versjon. Det burde me sjølvsagt ha laga, og vil sørga for det i framtida, avsluttar Ida Hartmann.

Frida Pernille Mikkelsen