Dette er årets BlimE-låt

Nicolay Ramm er årets BlimE-artist, og låta heiter «Dynamitt».

I år er 11. gang BlimE skal få hundretusen av norske skulebarn til å synga og dansa til ein spesiallaga song.

I år har barna for første gang fått vera med og påverka BlimE-dansen, ved å senda inn favoritt-dansebevegelsen sin. Etter å ha sett gjennom 800 videoar frå barn i byar og bygder over heile landet, er koreografien no klar, skriv NRK.

Her kan du sjekka ut musikkvideoen, teiknspråkversjonen og læra deg dansen til årets BlimE-låt. NRK skriv at den offisielle musikkvideoen kjem seinare i haust.

– Ei oppfordring til å følgja magekjensla

Nicolay Ramm har skrive årets BlimE-låt saman med Petter Bjørklund Kristiansen. FOTO: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Tidlegare i år vart det klart at det er Nicolay Ramm som er årets artist. Til NRK seier han at dei har laga ei låt som 12 år gamle Nicolay ville likt å høyra på.

– «Dynamitt» er ei oppfordring til å følgja magekjensla og stola på at du er bra nok. Ikkje la deg herse med eller bli ført inn i vennskap eller hobbyar som ikkje kjennest rett for deg, oppfordrar Ramm.

Sjølve BlimE-dagen er fredag 19. november. I fjor dansa om lag 400.000 barn samtidig på BlimE-dagen på skular og barnehagar rundt om i heile landet.