Titusenvis av menneske slutta seg til protestar i klimabyen Glasgow i helga. Dei kravde at verdsleiarane tek grep for å gjera noko med klimaendringane, no når møtet går inn i si andre veke, skriv Sky News.
Regnet i storbyen var nemleg ikkje nok for å halda fleire miljøgrupper, organisasjonar, klimaaktivistar og utfolk frå heile verda vekke frå gatene.
Politiet greidde ikkje å estimera akkurat kor mange som hadde møtt opp, men COP26 Coalition, som organiserte demonstrasjonen, meiner at det var meir enn 100.000 menneske i gatene.
Les også: Pikachu demonstrerer i Glasgow
Vil ha klimarettferd
Det var ikkje berre i Glasgow folk møtte opp for å demonstrera i helga – COP26 Coalition har uttalt at det var om lag 300 demonstrasjonar over heile verda.
– Mange tusen menneske på kvart einaste kontinent tok til gatene i dag, for å kreva at verdsleiarane går frå å ikkje handle til rettferd for klimaet. Me kjem ikkje lenger til å tolerera store ord og langsiktige mål – me vil ha handling no, seier Asad Rehman COP26 Coalition.