Pikachu demonstrerer i Glasgow

Fleire av den kjende, gule Pokémonen Pikachu er på plass utanfor Klimatoppmøtet. Dei er ikkje nøgd med heimlandet sitt, Japan.

Fleire menneske utkledde som Pikachu samla seg utanfor lokalet der Klimatoppmøtet (COP26) blir arrangert i Glasgow, skriv avisa Glasgow Times.

Grunnen til at dei var kledd ut som den kjende japanske Pokémonen, var at dei krev at Japan går vekk frå kolproduksjon innan 2030.

Les også: Noreg fekk verstingpris under klimatoppmøtet

Aktivistar utkledd som Pokémon-karakteren Pikachu protesterer mot Japan si støtte til kolindustrien i nærleiken av FNs klimatoppmøte i Glasgow, Skottland, torsdag 4. november 2021. Foto: AP / Alberto Pezzali

Flere demonstrasjonar i klimabyen

Dette er ikkje den einaste demonstrasjonen som har vore i samband med dette årets klimatoppmøte.

Dagen før hadde den kjende aktivist-gruppa Extinction Rebellion, som ofte tyr til sivil ulydnad, samla fleire hundre menneske til ein marsj som gjekk gjennom heile byen.

Les også: Ane (13) vil kjempa for barna på klimatoppmøtet

Les også: Dette skal skje på klimatoppmøtet