Finsk mink får koronavaksine

Finland er det første landet i Europa som har fått godkjenning til å vaksinera pelsdyr mot koronaviruset.

Legemiddelverket i nabolandet vårt har allereie fått godkjent den finske koronavaksinen FuroVac, som er utvikla for pelsdyr, skriv VG.

Vaksinen skal bidra til at minkane ikkje blir smitta av koronaviruset.

For eit års tid sidan, førte koronaviruset til at mellom 15 og 17 millionar mink i Danmark måtte bøta med livet. Det muterte koronaviruset som vart oppdaga på fleire minkfarmar i landet, førte til slutt til at myndane i Danmark bestemte at alle mink i landet måtte avlivast.

Les også: All mink i Danmark avlivast

To dosar for å unngå smitte

For å unngå smitte, skal dei små dyra i Finland no få to dosar med koronavaksine.

Desse skal setjast med eit par vekers mellomrom. VG skriv at det også kan bli aktuelt med ei tredje dose, men at det ikkje er bestemt.