Skrivekonkurranse: Skriv om håpet ditt – eller det du synest er urettferdig!

Bli med i skrivekonkurransen til Framtida Junior og vinn fine premiar!

Du kan vinna fine premiar om du skriv éi av desse oppgåvene:

1. Skriv ein tekst om ei sak du brenn for. Kva må gjerast for å oppnå det du håpar på?

2. Skriv eit brev til den nye statsministeren om ei sak du er opptatt av – anten det er noko du synest er urettferdig eller noko som kan gjerast for å sikra ei god framtid for dei som er unge i dag.

3. Skriv om noko du synest er urettferdig. Skriv om kvifor du synest det er urettferdig og korleis du tenkjer det kan bli meir rettferd.

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på www.framtidajunior.no.

Format: Word-fil

Lengde: 150-350 ord

Premiar: 1. premie: 500 kroner. Me trekker òg ut vinnarar av abonnement på Framtida Junior, bøker og Framtida Junior-t-skjorter

Aldersgrense: Under 14 år

Målform: Nynorsk

Innleveringsfrist: 5. november 2021

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.