Gjer ein innsats denne veka: – Forsøpling er framleis eit stort problem

Strandryddeuka blir arrangert frå 11. til 19. september. Då skal mange tusen frivillige ut og rydda boss. Skal du vera med?

Heidi Gromstad. Foto: Heidi Ramsdal

For femte året på rad inviterer Hold Norge Rent til ei heil veke med frivillig opprydding. Kvar dag i løpet av veka blir alle oppfordra til å rydda langs elvar, innsjøar og strender, på holmar og øyar og under vatn, skriv dei i ei pressemelding.

Målet er å engasjera flest mogleg til å bli med ut å rydda opp bosset i naturen.

– Dei frivillige har gjort ein eineståande innsats sidan Strandryddedagen vart arrangert for første gang i 2011, seier prosjektleiar Heidi Gromstad.

Les også: Slik ryddar du i naturen på ein trygg måte

Viktig at mange er med

Ifølgje folkeforskinga, er det dei siste ti åra gjennomført over 21.400 ryddeaksjoner og minst 8400 tonn boss langs norske strender er rydda. Likevel er det framleis mykje å finna.

– Forsøpling er framleis eit stort problem. Derfor er det viktig at mange er med under Strandryddeuka – både privatpersonar, organisasjonar, kommunar og bedrifter, seier Gromstad.

Mange skal kanskje ut å rydda for første gang i år. Derfor har Gromstad tips til korleis ein kan gå fram for å rydda.

– Strandryddeuka er for alle, både store og små. Dersom du aldri har rydda før, er det ein god idé å ta med ein ven til ein stad i nærområdet og rydda der. Mange vil bli overraska over kor mykje boss som finst i naturen, seier ho.