Slik ryddar du i naturen på ein trygg måte

Her er nokre ting det er lurt tenkje på viss du planlegg å rydde i naturen denne våren.

Dette treng du for å rydda:

  • Finn ei strand, øy, elv, innsjø, sti eller liknande som er forsøpla og som eignar seg for rydding. 
  • Ta med små og store søppelsekkar, hanskar og/eller søppelklyper, refleksvestar, antibac og/eller våtserviettar, førstehjelpsutstyr, telefonnummer til legevakt, politi, kommunen og lokalt avfallsselskap. Kniv, sag, spade og rake kan òg vera nyttig, men det kan dei vaksne ta ansvar for å ta med. 
  • Du skal seia i frå til dei vaksne (utan å røra det sjølv) dersom du finn behaldarar med ukjend flytande væske, sprøyter, medisinar, material med spiker, glas og andre spisse gjenstandar.
  • Det er viktig å ha ein plan for kva du skal gjera med søpla etter ryddeaksjonen. Mange lokale avfallsselskap støttar opp om frivillige ryddeaksjonar. Ta kontakt med det lokale selskapet ditt for å avtala henting/levering, eller spør kommunen om kva du skal gjera med avfallet som blir samla inn. 
  • Hold Noreg Rent har gratis posar og hanskar i mange storleikar til alle strandryddarar som ønskjer å få det tilsendt.
  • Fordi det kostar pengar å levera søppel hos fleire avfallsselskap og gjenvinningsstasjonar, har det vorte oppretta ei ordning der ein kan få tilbake pengar for avfall som blir opp plukka langs sjøen. Ta vare på kvitteringer og søk om å få att pengane frå holdnorgerent.no. Dersom du vil søka må ryddeaksjonen vera registrert i Hold Noreg Rent sin ryddeportal, og du må vita talet på kilo søppel de har plukka. 

(Kjelde: Miljøagentenes ryddeveileder)