FN skal avgjere om 48,8 grader var ny varmerekord

I Siracusa på den italienske øya Sicilia, vart det i august målt heile 48,8 grader. No spørs det om det rekorden blir offisiell.

Den gamle rekorden var på 48,0 grader og vart satt i den greske hovudstaden Athen i 1977.

Den nye, rekordhøge temperaturen på 48,8 grader vart registrert ved den meteorologiske stasjonen i Siracusa, og like etterpå vart den bekrefta av øya sitt meteorologiske institutt. No gjenstår det å sjå om temperaturrekorden blir offisiell europarekord.

Kan ta månader

For at det skal skje, må den bli godkjent av Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO). I følgje ei sak hjå ABC Nyheter, kan det ta månader med nøye vitskapleg kontroll før den endelege avgjerda blir teken.

At det tek så lang tid, kjem av at arbeidet med å gjennomgå og samla globale rekordar på denne måten er relativt nytt, seier Sverker Hellström. Han er klimatolog ved det svenske meteorologiske instituttet, SMHI.

Ein kommisjon gjennomfører ei første vurdering. Deretter blir eit internasjonalt ekspertpanel engasjert. Saman med WMO blir rekorden deretter stadfesta eller avvist.