No skal Tesla laga sin eigen robot

Elon Musk avduka nyleg den seinaste utviklinga til Tesla. Det er ein robot som blir kalla Tesla Bot.

Musk kunngjorde at selskapet jobbar med å utvikla ein robot under «Tesla AI Day», som også vart direktesendt på YouTube.

Han kunne vidare informera om at visjonen til selskapet er at roboten deira skal gå på to bein for å fungera i eit menneskeleg miljø.

Den skal hjelpa til med oppgåver som er farlege, gjentakande eller enkelt og greit – ganske keisame, skriv Tesla på heimesida si.

Prototypen på roboten burde vera klar allereie neste år, skriv tek.no.

Skjermdump: YouTube @Tesla

Ein «venleg» robot

Musk nemner også at roboten kjem til å vera «venleg», utan at han seier noko meir om kva han legger i nettopp det.

Ifølgje Tesla sine spesifikasjonar skal roboten bli omtrent 170 centimeter høg, vega rundt 55 kilo og ha ein toppfart på åtte kilometer i timen.

Les også: Sjå robotane dansa

Les også: Forskarar vil at robothundar skal utforska Mars