Sjå robotane dansa

Viss du nokon gong har lurt på om robotar kan dansa – her har du fasiten.

Robot-selskapet Boston Dynamics la nyleg ut ein video på YouTube-kanalen sin. Den viser to av robotane deira – ATLAS og Spot, som dansar til The Contours sin song “Do You Love Me”.

I løpet av dei nesten tre minuttane videoen varar, er robotane innom både hopping, twisting, risting – og på eit tidspunkt står dei berre på ein fot!

Robotane er heilt synkrone i dansestega, og ser ut til å ha fullstendig kontroll på koreografien.

Videoen vart lagt ut som ei nyttårshelsing frå Boston Dynamics. Selskapet skriv mellom anna at heile laget deira samla seg, for å feira starten på det dei håpar vil bli eit betre og festlegare år enn 2020.

Tidlegare har dei to robotane ATLAS og Spot gjort alt frå parkour til å opna dører og plukka opp boksar.

Sjå fleire av triksa til robotane her: