No får kvinner sykla Tour de France

Frå og med neste sommar vil kvinnene endeleg få moglegheita til å sykla Tour de France som eit fullstendig etapperitt.

Dei bekreftar Tour de France-sjef Christian Prudhomme i eit intervju med The Guardian.

– Det startar 2022. Hadde det ikkje vore for koronapandemien, ville det skjedd allereie i år, seier rittsjefen.

Rittet, som blir omtalt som «Tour de France Femmes», blir eit fullstendig etapperitt. Det vil skje i tidsrommet etter herranes Tour de France.

– Det er fordi vi ønsker at dei store TV-selskapa skal senda kvinnerittet. Vi ønsker å laga eit sjølvstendig ritt, seier Prudhomme.