Tour de France i september

Grunna korona vart verdas største sykkelritt, Tour de France, utsatt frå juli til september.

Konkurransen har blitt heldt i juli kvart år sidan 1903, kun avbrote av fyrste og andre verdskrig.

Grunna koronapandemien er årets løp flytta, og går frå 29. august til 20. september. 176 ryttarar frå 30 nasjonar stiller til start, fire av dei er frå Noreg. 

Løpet startar i Nice og endar i Frankrike sin hovudstad, Paris. 

Visste du at?

Dei 100 fyrste åra av rittet si historie blei det ikkje nytta sykkelhjelm. Fyrst i 2003 blei det innført obligatorisk hjelmbruk.