Malin har alltid likt dyr – no har ho skrive bok om dyre-munnar

I dyreriket finst det hundrevis av ulike munnar, og det ville forfattar Malin Hellebø vise fram. No er ho aktuell med bok nummer to – «Inni munnen».

Hoggorm i folketru

Visste du at det har vore mykje folketru tilknytt hoggormen? Over heile Europa har ein trudd at den tilhøyrer det onde, skriv SNL.

 

Fleire augevitne hevdar også at dei har sett ein hoggorm som bit seg sjølv i halen og trillar av stad som eit hjul.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg har lenge tenkt at det finst mange rare munnar i dyreriket. At alle har ein munn, betyr ikkje at alle brukar den på same måte. Det måtte rett og slett berre bli ei bok av det, fortel forfattar Malin Hellebø.

Fascinasjonen for dyre-munnar starta då ho trefte på ein type sommarfugl, som har namnet Atlasspinnar.

– Den har munn då den er lavre, men når den blir sommarfugl, mistar dei den. Det er veldig rart, seier Hellebø entusiastisk.

Tolv forskjellige dyre-munnar

I boka er det tolv forskjellige munn-typar. Forfattaren fortel at sjølv om ikkje alle er av same art, har ho forsøkt å samla dei som har noko til felles.

Munnen til hoggormen likar ho spesielt godt.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Dei kan utvida munnen veldig, og kløyva underkjeven slik at dei får plass til meir i gapet. I tillegg har dei ein snorkelmekanisme, og dei kan sjølv bestemma kor mykje gift dei vil gi ut, seier ho.

Ho fortel at det krever mykje energi for hoggormar å laga giften sin. Derfor vil dei ikkje sløsa den vekk på eit bytte dei ikkje trur dei vil klara å drepa.

Snytt for å møta publikum

– Eg hugsar veldig godt då eg henta boka på postkontoret. Det var veldig stas.

Forfattaren fortel at det har vore rart å gi ut ny bok no, midt i korona-tida. Alt har vore annleis enn då forrige bok kom ut, og ho synest det er kjedelig at både lanseringsfest og turnering rundt i Noreg ikkje er mogleg å gjennomføra.

– Eg føler eigentleg at lanseringa har gått meg hus forbi, det har vore veldig rart. Eg må seie at eg føler meg litt snytt for ein lanseringsfest, seier ho og ler.

– Kva er det beste med å skrive for born og unge?

– Ååå, det er så gøy! Ein stor del av det kjekke er å reise ut og treffa dei, men eg set også pris på skrivinga. Då får eg tenkje litt tilbake til min eigen barndom, og det blir litt som ein mimretur – både på godt og vondt. Det er rett og slett fint, seier Hellebø.