Dyrevenn-Malin: – Eg blei sjekka opp av ein pingvin

Malin Hellebø og Camilla Kuhn har skrive boka «Dyras beste sjekketriks«. Her blir dei intervjua av junior-journalist Eileen.

Då Malin Hellebø var med i programmet «Dyrevenn» på NRK Super, blei ho sjekka opp av ein pingvin i Akvariet i Bergen.

– Det er heilt sant! Eg skjønte ikkje kva det var då, så då måtte eg finna ut kva det var, seier Malin Hellebø. Tidlegare i år kom boka «Dyras beste sjekketriks», med teikningar av Camilla Kuhn.

– Kva er favorittsjekketrikset dykkar?

– Det er mohair-geita som tissar seg sjølv i fjeset, ler Camilla Kuhn.

– Eg synest pingvinane er mine favorittar, seier Malin, før ho legg til:

– Jo! Klappmus-selen! Det er ein sel som har ein hudfald inni nasa og i panna. Og når hannane skal sjekka, så blæs han ut denne falden i nasa, og det blir ein raud ballong! seier Malin og viser korleis selane dunkar hovudet fram og tilbake.

– Kva for eit av sjekketriksa trur de hadde fungert i verkelegheita? (for oss menneske)

– I alle fall ikkje mohairgeita! utbryt Malin.

– Eg lurer på om songen til gibbon-apane hadde slått bra an. Å føreslå å synga ein duet saman med ein annan, trur eg vil slå an for menneske også! seier Camilla.

Sjå resten av intervjuet på videoen over!

Les også forfattarspalta til Malin her!