Dette må du få med deg frå OL i Tokyo

Fredag 23. juli blir OL-elden kveikt i Tokyo. Det er mange moglegheiter for norske medaljar.

OL i Tokyo blir arrangert frå 23. juli – 9. august. Leikane er satt saman av rekordmange 33 konkurransar og 339 arrangement, som blir halde på 42 ulike konkurransestadar.

Det offisielle programmet med alle øvingane, finn du her. For oss nordmenn, er det mange moglegheiter for medaljar i årets OL.

Her kjem høgdepunkta:

Skyting

Noreg har eit kjempelag. Totalt skal fem konkurransar gjennomførast, og medaljesjansane er store i alle desse fem, skriv NRK.

  • 24. juli er det finale i skyting, 10m luftrifle for kvinner.
  • 25. juli er det finale i skyting, 10m luftrifle for menn.
  • 26. juli er det finale i leirdueskyting for menn.
  • 27. juli er det finale i skyting 10 meter luftrifle, lagkonkurranse. Noreg er blant favorittane i blanda lagkonkurranse.
  • 31. juli er det finale for kvinner i skyting, heilmatch
  • 2. august er det finale for menn i skyting, heilmatch

Sandvolleyball

Anders Mol og Christian Sørum er medaljehåp for Noreg i sandvolleyball, og har vore gode det siste året. Greier dei å ta seg til finalen? Den blir spelt 6. august.

Innleiande rundar blir spelt frå 24. juli – 2. august. Deretter er kvartfinalen 4. august og semifinalen 5. august.

Les også: OL utan utanlandske tilskodarar

Handball, kvinner og menn

Noreg stiller med både handball-lag for kvinner og for menn i OL. Begge lag er gode nok til å ta gull.

Dei innleiande kampane for både kvinner og menn blir spelt frå 24. juli – 2. august. Kvartfinalane blir spelt 3. og 4. august, semifinalane 5. og 6. august.

Finalane går av stabelen 7. og 8. august.

Les også: Erklærer unntakstilstand i OL-byen

Friidrett: 400 meter hekk

Karsten Warholm har lenge vore i ein eigen klasse på 400 meter hekk, og nyleg tok han verdsrekorden. Korleis går det i OL?

Det finner me ut 3. august, om han kjem seg til finalen. Forsøksheatet skjer natt til 30. juli.

Friidrett: 1500 meter

Jakob Ingebrigtsen har hatt ein knallsesong, men i OL får han tøff motstand. Trur du han greier å ta gullet?

3. august går forsøksheat på 1500 meter. 5. august skjer semifinalen, før den store finalen er den 7. august.

Kor mange medaljar trur du Noreg tek i OL? Legg gjerne att ein kommentar!