Knuste verdsrekorden

Karsten Warholm (25) sette verdsrekord på 400 meter hekk på Bislett torsdag kveld. 46,70 er åtte hundredelar betre enn den gamle verdsrekorden.

– Dette har eg drøymt om lengre enn eg trur nokon anar. Det har vore snakka mykje om den verdsrekorden. No er den endeleg min, sa Karsten Warholm i ein tale til publikum som vart vist på NRK etter rekordløpet i går kveld.

Det var under årets Bislett Games, på heimebane i Oslo, at Warholm greidde det ultimate målet. Heile kvelden var bygd opp til augneblinken då Karsten Warholm skulle ut på 400 meter hekk. Og Warholm leverte.

Like før klokka ti sprang han inn til 46,70 og ny verdsrekord på 400 meter hekk. Den gamle rekorden har stått i 29 år, skriv VG.

– Ekstremt imponerande

Trener Leif Olav Alnes var svært nøgd etter rekordløpet, og fortalde til NRK at det var kjempekjekt.

– Det låg til rette for at det var moglegheiter for rekord, men det kjem ikkje på bestilling. At han klarer å levera dette, er ekstremt imponerande.

Dette var Warholm sin første 400 meter hekk i 2021. Neste veke skal han etter planen duellere mot amerikanaren Rai Benjamin i Monaco og 3. august er det OL-finale i Tokyo.