Mykje nytt og moro i sommarparkane: Bjørneparken i Flå

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

Først ut er Bjørneparken i Flå.

Kva skjer i parken?

Bjørneparken ønskjer at dei besøkjande skal bli betre kjent med dyra som me kan finna i naturen vår. Du kan mellom anna sjå amurleopard, bjørn og hjort i den store parken.

Kva er nytt i år?

Nytt av året er utstillinga «Dinosauria», som viser dinosaurar i ekte storleik, med ekte lyd og rørsler. Direktør Kees Oscar Ekeli trur det kjem til å bli ein travel sommar.

– Me forventar at me kjem til å vera fullbooka heile denne sommaren.

Korleis passar parken på smittevern?

Han fortel at det viktigaste publikum må vita om, er at dei har antalsavgrensingar i parken.

– Det er viktig at dei som vil koma på besøk kjøper billettar i god tid.

Sjølv om det er litt kjedeleg at dei ikkje kan sleppa inn like mange som normalt, meiner han at det er mogleg å kosa seg på besøk.

– No har me bruk av munnbind inne og på foringar – men parken er frykteleg stor. Det å halda avstand skal derfor vera mogleg, seier han.