Globen skiftar namn til «Avicii Arena»

Sverige hyllar den avdøydde artisten Avicii ved å døypa om ein ikonisk arena i Stockholm.

No byttar dermed Globen namn til Avicii Arena, skriv TV 2.

– Me gjer det for å setja fokus på psykisk helse, seier direktør Andreas Sand for Stockholm Live, som driv arenaen til den svenske avisa Aftonbladet.

I år er det tre år sidan den verdskjende artisten, som eigentleg heitte Tim Bergling, valde å avslutta livet sitt.

Rørte mange med musikken sin

Heile verda var i sorg, og svensken vart hylla av stjerner som Kygo, Madonna og David Guetta. Han vart berre 28 år, men på den tida rørte han mange med musikken sin.

Avicci er mellom anna kjent for låtar som «Wake me up», «Hey Brother» og «Levels».