Favoritten til Malin og Thea vann Bokslukarprisen

Klassen til Malin Muldsvor (12) og Thea Hole Bakke (12) har vore med på å bestemma kva bok som vart kåra til vinnar i Bokslukarprisen.

– Det har vore veldig spennande å vera juryklasse i Bokslukarprisen, seier Malin Muldsvor (12) og Thea Hole Bakke (12).

Dei går i 7. trinn ved Hornindal skule, og deira klasse har vore ein av 15 juryklassar i Bokslukerprisen 2021. Det betyr at dei har fått vera med på å bestemma kva bok som vart plukka ut som dette årets vinnarbok.

Lærar Reidar Lillestøl beskriv klassen frå Hornindal som ein sjeldan leseglad klasse, så at dei har vore gjennom seks månader med mykje lesing, har ikkje vore noko problem.

– Det var kjekt å få lesa så mange bøker og få skriva bokmeldingar, seier Thea.

Boka «Harpa» vann konkurransen, men i klassen til Malin og Thea var det ei anna bok som fekk mest stemmer.

Les også: Vann Bokslukarprisen med skummel bok: – Dei fleste likar å bli litt skremt

Ei stemme for kvar leste bok

– Me stemte over kva bok me likte best, og for kvar bok elevane hadde lese, fekk dei ei stemme. I vår klasse var det «Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius» som fekk mest stemmer og det var gutane som likte den best, seier Reidar.

Malin og Thea fekk stemma med fem stemmer kvar, fordi dei las ferdig alle dei fem bøkene. Dei er enig om kva som var deira favorittbok.

– «Harpa» var veldig spennande, me synest at den var den beste, seier jentene.

Sjølv om dei blir for gamle til å vera med i Bokslukerprisen neste år, fristar det å vera med på fleire lesekonkurransar.

– Det beste med å lesa er moglegheita til å leva seg inn i boka, og førestilla seg kva som kjem til å skje, seier Malin, medan Thea nikkar enig.