Vann Bokslukarprisen med skummel bok: – Dei fleste likar å bli litt skremt

«Harpa» og A. Audhild Solberg er vinnaren av Bokslukarprisen 2021. Forfattaren elskar å skriva og snakka om skumle ting. Så mykje likar ho det, at ho har fått fleire born til å byrja å grina.

Dette seier elevane

Juryen seier mellom anna: Me likar at det handlar om noko mystisk. Det er skummelt på ein bra måte, spennande og aldri kjedeleg. Me kjenner at det kriblar i magen! Forfattaren greidde å halda på spenninga, og etter kvart kapittel måtte me berre lesa vidare – me vart heilt oppslukt!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg fekk beskjeden av ein av juryklassane, som «liksom» skulle intervjue meg på video. Eg vart så overraska og glad – det betyr veldig mykje for meg at born og unge likar bøkene mine, seier forfattar A. Audhild Solberg.

I løpet av hausten 2020 var over 125.000 elevar på mellomtrinnet med på å stemma fram fem superfinalistar. 15. juryklassar har lest dei nominerte bøkene, og på Verdas bokdag vart «Harpa» kåra som vinnaren. Forfattaren fortel at ho har fått mange fine tilbakemeldingar.

– Mange av dei seier at den er «veeeeldig spennande». Dei måtte berre lesa vidare, og det er akkurat slike bøker eg sjølv vil lesa.

No har ho akkurat vore på ein skuleturné. Det har vore ei skummel affære for elevane.

Foto: Aschehoug

Ikkje ferdig med vennegjengen enno

– «Harpa» tek utgangspunkt i eit mareritt, og slik sett er det ikkje ei bok for dei som mislikar blod, gørr og skrekk. Eg har opplevd at elevar er blitt så redde at dei byrjar å grina når eg fortel dei historia om boka. Der og då er det sjølvsagt litt dumt, men dei fleste ungar likar jo dette – å bli skremt.

«Harpa» handlar om ein vennegjeng i ei lita bygd som oppdagar at det er eit mystisk vesen i der, og dei bestemmer seg for å ta opp kampen med det.

– Etter kvart viser det seg at det ikkje er eit monster, men eit menneske. Men kven er det? Er det ein i gjengen? Den er litt mystisk og ganske spennande, om eg skal seia det sjølv.

Ho fortel at ho ikkje føler seg ferdig med vennegjengen frå den vesle bygda enno.

– Eg håpar at det kjem ei ny bok om dei. Eg har lyst til det – men då må eg berre finna på eit nytt mysterium først, seier ho og ler.