Mount Everest har fått ny høgd

Det viser seg at det høgaste fjellet i verda, Mount Everest, er høgare enn me trudde.

Nepal og Kina har kome ut med informasjon om at verdas høgaste fjell, Mount Everest, har fått ny høgde, skriv newsforkids.net.

Mount Everest er lokalisert mellom Nepal og Tibet. Tibet er ein del av Kina. Det er mogleg å gå ruter til toppen med start i begge land.

No har dei to landa samarbeidd om å finne den eksakte høgda. Resultatet av målinga er at verdas høgaste fjell er 86 centimeter høgare enn me trudde.

Ny høgd er derfor 8848,86 meter.

Har målt frå kvart land

Nepal sendte klatrarar til Mount Everest for å måle høgda i fjor, og det same gjorde Kina i år.

Visste du forresten at klatrarane frå Kina er dei einaste som har fått lov å klatre til verdas høgaste fjell i år?

Grunnen til det er at fjellet har vore stengt for publikum i forbindelse med korona-viruset.