Livreddane dronar skal levere hiv-medisinar til avsidesliggande øyar i Uganda

Drone-teknologi kan sikre at viktige medisinar når samfunna i Victoriasjøen. Dette området har dei høgaste smittetala av hiv og AIDS i Uganda.

Denne saka var først publisert hjå Framtida! Der kan du òg lese om Helene (20) og venninnene som er grønruss.

– Å sikre at menneske som bur i avsidesliggande samfunn har rettferdig tilgang til moderne behandlingar for HIV er ein av dei viktigaste utfordringane innan global helse i Uganda.

Det seier Andrew Kambugu, administrerande direktør ved Makere University Infectious Disease Institute (IDI), til The Guardian, som først omtalte saka.

I førre veke blei ein drone som var lasta med hiv-medisinar sendt frå helsesenteret i Uganda til menneske som bur i nokon av dei mest fjerntliggande øyane i Victoriasjøen, melder den britiske avisa.

Pilotprosjekt

Droneforsøket var første ledd i eit medisinsk pilotprosjekt: I tida framover skal det bli sendt ut 20 dronar i månaden med HIV-medisinar til 78 lokalsamfunn.

Kalangala-distriktet, som Uganda deler med Tanzania og Kenya, er heimen til meir enn 67.000 menneske, og av der har om lag 18 prosent HIV. Det er langt høgare enn dei nasjonale tala som er på 5,6 prosent.